Når fåkunne spreier seg

Innlegg i Dag og Tid, 20. januar 2017:

Teikn i tida tyder på at 2017 kan bli like overraskande som 2016. Sjølv skjøna eg det fyrst då eg sist veke las artikkelen «– Fjern Platon og Kant!» i Dag og Tid (av Ronny Spaans, 13. januar). Eg rista resignert på hovudet over studentar ved Universitetet i London som visstnok krev at ein skal vraka tenkjarar frå pensum, «fordi dei er kvite».

Dei burde ha lese boka mi, Globalkunnskap, tenkte eg. Der kunne dei ha lese om korleis slik afrikasentrisme er eit problem – fordi han knytter kunnskap til etnisitet og ikkje til det allmennmenneskelege, som er både kunsten og vitskapen si hovudrolle.

Så, brått, såg eg avslutninga på artikkelen: «I Globalkunnskap. Renessanse for en ny opplysningstid, som kom ut fjor, meiner Dag Herbjørnsrud det same som studentane ved University of London: Det må skje eit oppryddingsarbeid i filosofihistoria. Kvite menn må ut.»

Kva? Underleg! Eg tenkte med eitt som Obstfelder: Er eg komen på rett klote?

Eg sjekka utgåva av Prosa frå i haust. Jo, Andrew P. Kroglund skreiv då viteleg i si omtale: «Herbjørnsrud vil også islamsentrisme, afrikasentrisme, russlandsentrisme og sinosentrisme til livs.»

Eg slo opp i Globalkunnskap på side 69. Jo, der stend då kritikken av A Companian to African Philosophy og deira feilaktige sitering frå Platon om Egypt. Og like fyre stend kritikken av korleis Erdogan og islamistar misbrukar kulturhistoria for å tene eigne ideologiske mål.

Stend det i Globalkunnskap-boka at eg vil fjerne kvite menn som Kant? Eg, som argumenterer for å utvide pensum og innføre Arne Næss og Fredrik Stang på ny? Eg, som kritiserer pensumskaparane av i dag for å presentere for lite av både Aristoteles, Augustin, Dante og Cervantes?

På side 183 siterer Globalkunnskap frå Kant si Hva er opplysning? – ei bok som har gjeve undertittelen til mi eiga bok. «Våg å vite!» (sapere aude!) stend det. Sjølv vågar eg nok ikkje vite korleis Dag og Tid enda opp med å prente ein Mot Dag-aktig påstand uten haldepunkt i denne verda. Men slik er no verda blitt, tenkjer eg. Sidan amerikanarane friviljug byter ut Obama med Trump denne veka, så lyt vel óg dei kløktigasta lesarane i Noreg tåle både «fake news» og «fake views».

Om verda no stend til påske, må gudane vite. Påska kjem jo seint i år. Sjølv trur eg det er tryggast å slå følgje med Tarjei Vesaas, som i 1917 gjekk over fjellet frå Vinje til Voss folkehøgskule for å lære av Lars Eskeland om litteraturen og den indiske diktaren Tagore (s. 125–128). Eitt hundre år er gått, mykje er gløymd.

DAG HERBJØRNSRUD, HEDDAL

SHARE THIS: